Naeroybolge2
geiterbolgeH

Nærøyfjorden

Den verdskjende Nærøyfjorden er den smalaste, villaste og mest dramatiske fjordarmen i verda. Fjella reiser seg bratt og høgt opp frå vatnet og skapar ei trolsk stemning. Tek du ein båttur på Nærøyfjorden får du oppleve noko av det mest spesielle landskapet Norge kan by på.

Smal og dramatisk
Nærøyfjorden er 17 km lang, og berre 250 meter brei på det smalaste. Fjella kring fjorden strekkjer set opp til meir enn 1500 moh. Området kring Nærøyfjorden vart verna som landskapsvernområde i 2002, og er no oppført UNESCO si verdsarvliste. Store deler av dette landskapet er urørt natur utan tekniske inngrep.

Veglause grender
Fleire stader langs land ligg små, veglause grender og vitnar om ei tid då fjorden var den viktigaste ferdselsåra. Besøker du stader som Styvi og Dyrdal kan du få eit innblikk i korleis det var å leve her i den dramatiske naturen, med rasfaren hengjande over seg store deler av året. Dei gamle segnene fortel at det var trolla som stod på fjelltoppane og kasta stein i sjøen, og når ein ferdast i dette trollske landskapet, er det lett å forstå kvifor slike segner og eventyr vart til.

Året rundt
Nærøyfjorden er eit populært reisemål, både sommar og vinter. Sjølv om mange av rundturane berre går i sommarsesongen har Fjord1 ei heilårsrute mellom Flåm og Gudvangen. Rundturen Norway in a nutshell går også heile året frå både Oslo, Bergen, Voss eller Flåm.   


Tur B: World Heritage Tour

tur b - small

Reis med Ekspressbåten oppover kysten frå Bergen og djupt innover i Sognefjorden. Midtfjords byter vi til ferje, før reisa går vidare mot den fantastiske Nærøyfjorden (med på UNESCO si verdsarvliste). Denne ville fjorden er den trongaste i verda.


Tur 16: Fjordcruise frå Balestrand til Flåm

fjordfjell liten 2

Balestrand er utgangspunktet for denne turen over Sognefjorden og inn i den vakre fjordarmen Aurlandsfjorden. Frå Aurland tek vi buss til hamna i Gudvangen. Eit av høgdepunkta på turen er den rolege båtturen på den smalaste fjorden i verda.


Tur 117: Eit klassisk Fjordcruise

kajak liten

Dette klassiske fjordcruiset går frå Flåm/Aurland til Gudvangen på Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden.


Tur 118: Lærdalsøyri og Nærøyfjorden

Tur C

Frå fjordbygda Flåm køyrer vi gjennom verdas lengste tunnel til Lærdal. Der vitjar vi laksesenteret og Lærdalsøyri før vi reiser på eit tre timars fjordcruise, som endar i den trongaste fjorden i verda.


Tur 102: Nærøyfjorden og Flåmsbana, frå Sogndal

tur b - small

Bli med på eit cruise på tre fjordar og ein fantastisk togtur! Etter ein kort busstur til Kaupanger segler vi ei klassisk rute over Sognefjorden, heilt inn i botnen av den trongaste fjorden i verda. Frå Gudvangen tek vi vegen til Flåm kor vi stig på Flåmsbana. Same veg tilbake.